Statt Torsk ASA tar fiskehelse særs alvorleg

Siden byrjinga i 2015 har Statt Torsk ASA teke fiskehelse særs alvorleg. Eit døme er kvalitetssikring av kjønnsmodning hvor Statt Torsk har utvekla eigne rutiner. Statt Torsk ønsker å vere best i klassa, og med det meiner vi at vi ønsker å vere transparent med informasjon som er relevant for torskeoppdrett. Vi er avhengige av å samarbeide med alle aktørar for å forme ei berekraftig framtid.

Bilde: Månadleg trening i bruk av ultralyd på oppdrettstorsken for å avdekke modningsstatus, her utført av Driftsteknikere ved Statt Torsk, Ørjan Hatlegjerde (t.v.) og Idar Strand (t.h.)

Som øvrige torskeoppdrettarar, har Statt Torsk fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om gjennomføring av veterinærundersøking av oppdrettstorsken med kort innsendingsfrist.

I lys av medieoppslag, og det generelle renomméet til torskeoppdrettsnæringa, har vi forståing for dette, og ynsker å bidra med kompetansen og erfaringane våre på best mogleg måte.

Torsken har ein veldig forskjellig anatomi ift. laks, mellom anna ei lukka symjeblære. Dette gjer det naudsynt å handtere fisken skånsamt og gradvis slik at innsamling og prøvetaking skjer på ein fiskevelferdsmessig forsvarleg måte. Raskt opptak kan gi sprengt symjeblære, akutt eller langvarig dødelegheit, difor vil slike undersøkingar krevje at innsamling av dokumentasjon må skje over lengre tid.

Vi har i god stund før dette pålegget utvikla og iverksett ein protokoll som gir ein kvalitetssikker vurdering av modningsgrad (GSI-index) og har delt denne med interesserte selskap som ønsker å bruke same tilnærmingsmetode.

Denne protokollen har blitt sterkt forma av råd frå fagekspertise ved Havforskningsinstituttet, HI og Nofima mtp. kvalitetsikring, samt utførast av personell med fiskehelsekompetanse (dvs. veterinær eller autorisert fiskehelsebiolog). Her undersøkast 20 fisk pr. fyrste og siste fiskegruppe kvar månad, ved kvar lokalitet frå sommar 2. året i sjø fram til utslakt – dvs. tot. 40 fisk pr. mnd.

Resultatet av undersøkinga oppgiast som gonado-somatisk-index % (GSI%), der gonader er fellesbegrep på kjønnsorgana til fisken, og med somatisk meinast fiskens totale kropp – her målast altså vekta av kjønnsorgana (rogn; fiske-egg) opp mot den totale vekta til torsken og gir ein indikasjon på modningsgrad. Slakting iverksettast når GSI nærmar seg 10%. I forkant må fisken forsvarleg avlivast. Då det er kostbart å avlive mykje stor, fin, frisk fisk over tid, brukast også ultralydmaskin (sjå bilete over) for å vurdere gonadestatus – slik at ein over tid vil kunne sleppe å drepe fisken for å samle inn nøyaktig data.

Me vil elles nemna:

Vi har ein rekkje framoverlente prosjekter og samarbeid knytta til fiskehelse, særlig har vi oppnådd godt samarbeid med HI. Ei av desse prosjekta er å sende ca. 100 stk slakteklare fisk til Austevoll for at dei kan generere dokumentasjon om fisken går i modning og kan gi overleveingsdyktige avkom. Vi er sjølvsagt også positive til å delta i framtidige prosjekter der vi kan dele erfaring, kompetanse, eller evt. anlegg og fisk til disposisjon, samt å  delta med innsamling av informasjon til å kartlegge torsken sin helse over tid.

For nærare informasjon, kontakt:

Synnøve Åhjem
Fiskehelseleder, Statt Torsk ASA
sya@statt.no
(+47) 473 34 568

Gustave Brun Lie
Dagleg Leder, Statt Torsk ASA
(+47) 691 09 690
gbl@statt.no

Statt Torsk ASA er en helnorsk produsent av oppdrettstorsk lokalisert på Stadlandet ved Vanylvsfjorden i Vestland fylke. I havområdene rundt Stad er det optimale forhold for oppdrett av torsk. Her har folk rike tradisjoner på hav og fisk med etablert kompetanse innen havbruk og fiske. Selskapet er notert på Oslo Børs (Euronext Growth) med ticker STATT.